FOTOGRAFEN
Fotograf Marianne With Nor, 77- modell og opprinneleg frÃ¥ Stranda. Etter Ã¥ ha flytta mykje rundt i Noregs land endte eg opp pÃ¥ Skodje i 2007. Lykkeleg gift og har tre herlege barn!Â
Eg er eit levande bevis på at ein skal følgje hjartet. Då eg gjekk ut av ungdomsskulen i '93 var eg fast bestemt på å bli fotograf, men på den tida var det ein usikker veg å gå. Eg endte difor opp som siviløkonom, med ei brennande interesse for fotografi. I 2006 kjøpte eg mitt fyrste digitale speilrefleks og starta etter kvart å ta på meg små oppdrag. I 2012 tok det heilt av og eg oppretta Ljos Foto. Sidan då har eg jobba som fotograf og elskar det!
Eg er ikkje utdanna fotograf, men er titt og ofte pÃ¥ workshop med mine forbilder frÃ¥ inn og utland. Etter mi meining er fotografi kunst, der estetikk er det esensielle - blikk for det vakre er det viktigaste i dette yrket.Â
Eg har ei forkjærlegheit for utefotografering og har hatt mi hovudvekt her. Eg elskar alle Ã¥rstider og den variasjonen det gir meg. Naturen er det finaste lerretet av alle. Og det fine med alt er at ingen fotograferingar blir heilt like.Â
Tidlegare hadde eg eit lite naturliglys- studio, stort sett brukt til nyfødt og 1-åringar. I 2019 fekk eg endeleg tak i drømmelokalet i Skodje sentrum. Her er det god plass til store og små, samt grupper i ulike samanhengar.
Det er for meg kreativiteten i yrket som gjer lidenskapen min så stor. Det å kunne bruke mine kreative evner, å kunne ha variasjon i kvardagen.
Som person er eg av den sosiale og nysgjerrige typen, og fÃ¥r av den grunn god kontakt med kundane mine.Â
Det er utruleg kosleg å møte så mange hyggelge mennesker. Velkomen til meg!
Â
Â