Velkomen hit!
Velkomen til fotostudioet mitt på Skodje i Ålesund kommune! Eg brenn for å skape minner som varer – anten det er ventetid, dei fyrste dagane som foreldre, familietid med små born, storfamilien samla eller kjærleikshistorier på veg mot bryllaup. Gong på gong blir eg minna på kor viktig bilete kan vere, og kor mykje dei betyr over tid.
Med eit stort, lunt og innbydande studio, kombinert med vakker natur, kan eg tilby både stemningsfulle studioportrett og fotografering utandørs, der lyset og omgivelsane gir bileta eit heilt eige uttrykk. Saman skaper vi eit trygt rom og ei fotografering som er tilpassa dykkar ynskje.
Hei!
Eg heiter Marianne og kjem opprinneleg frå Stranda. Etter å ha flytta mykje rundt i Noregs land endte eg opp på Skodje i 2007. Lykkeleg gift og mor til tre!
Eg er utdanna siviløkonom, men sidan 2012 har eg levd ut draumen frå ungdomen – å vere fotograf.
Det eg set mest pris på i jobben min er variasjonen i kvardagen, å få vere kreativ kvar dag, samt å få møte så mange hyggelege menneske.
PÃ¥ fritida finn du meg anten i fjellet eller i idrettshallen (handballtrenar), eller strikkande i sofaen!
Har du spørsmål?
Eller send meg ein mail: post@ljosfoto.no
Følg meg på Instagram
@ljosfoto