Bestille time?


Før de bestiller time er det lurt å gjere seg kjend med prisane, både fotografering og produkt.

Det er òg lurt å lese gjennom standard-vilkåra nede på sida her!


Ser fram til å treffe dykk!

Info og betingelser ved bestilling av time:


Standardvilkår-NFF: VIKTIG informasjon. Les dette:  Standardvilkår-NFF

Visningsgalleri:  Etter fotograferinga vil kunden få tilsendt ein link til eit passordbeskytta webgalleri med dei beste bileta frå fotograferinga. Vanlegvis innan få dager, men i høgsesong kan det ta litt lengre tid.

Bestilling av bileter skjer direkte via visningsgalleriet, mail eller på ein avtalt bestillings-/visningstime. Etter bestilling starter redigeringsjobben. Ventetida på bestilte bilder varierer alt frå 1-4 veker, og det må tas hensyn til hektiske perioder og ferie. Faktura blir sendt på email og skal betalast før produkt leverast kunden. 

Ved kjøp av digitale filer gis eit "begrensa eigarskap" til bileta med følgjande betingelsar: Dei digitale bileta er til personleg bruk og kan kun gis bort til familie og vener. Dei digitale filene kan ikkje vidareselgjast eller brukast kommersielt. Slike henvendelser skal vidaresendast til Ljos Foto.

NB! Fotograf stiller ingen garanti for print og produkt hos andre leverandører.

Backup: Ved kjøp av digitale filer er kunden sjølv ansvarleg for backup av ferdigbehandla filer. Marianne With Nor fråskriv seg alt ansvar som følgje av feil eller skade på utstyr.

Marknadsføring: Å kunne bruke bileta til marknadsføring er viktig for videreutvikling av kundemasse. Marianne With Nor spør alltid kundane sine om lov til å dele på webside, blogg, Facebook og Instagram, og brukar aldri fullt navn i bileta.

VIKTIG!! Det vil bli levert lavoppløyselege bileter vannmerka med Ljos Foto som de må bruke på sosiale medier. Dette for å beskytte bileta samt markedsføring. Ynskjer og håper at alle har forståelse for dette. Ved publisering av biletet skal fotograf ALLTID krediterast. 

Type bileter: Kunden må gjere seg kjend med Ljos Foto sitt utrykk og stil gjennom bileter vist på www.ljosfoto.no samt Ljos Foto sin side på Facebook/Instagram og er inneforstått med kva stil fotografen har. Det er ikkje ynskjeleg å gå vekk frå denne stilen for å matche andre bileter tatt av andre fotografer.

Fotografering av born mellom 1-5 år: Forberedelser foreldre gjer med bornet/borna før fotograferinga er viktig og har veldig mykje å seie for korleis fotograferinga vil bli. Antrekk (også sko!) er ein viktig faktor i fotograferinga og bør tenkjast gjennom på førehand. Spør meg dersom dokke treng råd! Eg har ein del til utlån, men ikkje i alle aldersgrupper. Fotografering av barnet rett etter barnehagen anbefalast ikkje. Eg vil anbefale alle å vere heime med barnet dagen det skal fotograferast. Då er dei opplagt og "seg sjølv" når dei kjem til fotografen. Å omtale fotografen som "Marianne" kan gjere situasjonen litt mindre skummel. Sjå på dette som ei god investering og ein opplevelse. Det ska vare kjekt å gå til fotografen! Snaks, drikke, kosedyr, smukk o.l. blir liggande i veska til fotografen ber dokke om å ta det fram!! Mange takk for din forståelse.

Har de lest gjennom alt, samt gjort dykk kjend med prisane? Då kan de bestille time her :