Velkomen i studio!


Midt i Skodje finn du Ljos Foto – eit koseleg fotostudio med god plass til store og små. Her har eg vore sidan 2019, og stortrivast!

Her fotograferer eg hovudsakleg nyfødde og små barn i trygge og rolige omgjevnader. Eldre barn og familiar fotograferer eg helst ute i naturen, for meir stemningsfulle bilete. Eg har ei forkjærleik for utefotograferingar – naturen er det finaste lerretet av alle!

Inne eller ute – eller ein kombinasjon av begge – er målet mitt å skape ei hyggeleg oppleving og vakre bilete saman med dykk. Bilete de kan glede dykk over i mange år framover. Eg gler meg til å bli kjend med dykk!


Studioet har eit eige rom for dei minste, fyllt med rekvisita til utlån.

Gravidkjolar til utlån

Eg har siste tida investert i mange flotte kjolar til gravide, både i tyll og enklare variantar.